Lalm oppvekstsenter

Lalm oppvekstsenter

Skulevegen 4
2682 Lalm

Telefonar:
Kontor:
612 39041
Lærarar:
612 39077
Barnehagen:
612 39340

Abonner på nytt

Din Epost-adresse:

Fredagsposten

Veke 5  

Nyheiter

Salting av reinslår og hjarta

I dag (24/1) har 5. og 6. steg tatt fram att reinslåret og dei to hjarta. Dei har ligi i ei smaksblanding sidan fredag. Vi har gnidd og massert kjøttet. Vi har og kokt saltlake, for hjarta er klare til å leggjast i lake. Sjå bilete frå dagen.
24.01.12 kl. 12:41

Med reinen som læremeister

Vi har nå starta opp med pilotprosjektet vårt " Med reinen som læremeister." 5.-6.steg parterte ein reinskalv saman med Bjørn Benrud og Svein Leirflaten frå Nortura. (Sjå bileta ved å gå inn på bilete under fana Lalm oppvekstsenter)
20.01.12 kl. 09:11

Lesevake.

Vi hadde ei fin lesevake på skulen 10.-11.januar. Dei siste lesarane sløkte ljoset 03.15!
11.01.12 kl. 11:30

Planleggingsdag barnehagen.

Planleggingsdagen i barnehagen som var tenkt tysdag 10.januar, er flytta til måndag 2.januar.
19.12.11 kl. 14:07

Hinderløype i naturen

1. og 2. steg har gått hinderløype i skogen ved skulen.Vi hadde ein kjempefin uteskuledag, med mykje fysisk trening og leik!
Les meir »   26.11.11 kl. 14:59

Betaling frukt

I veke 47 kom det eit skriv angåande fruktbetalinga. Der har kontonummeret vorte feil (manglar ein null). Rett kontonummer skal vere: 2085. 07. 70000
Les meir »   25.11.11 kl. 13:39

Fredsplakat-konkurranse

1.-4. steg har delteke i årets fredsplakatkonkurranse, ein Lionsaktivitet som går samtidig over heile verda.
Les meir »   09.11.11 kl. 14:34

Fredagskafe

Fredag i veke 43 arrangerte 1.-2. steg kafe der dei selde heimelaga grønsakssuppe. 7. steg stod for underholdinga og imponerte med sambatonar. Her ser de elevane i aksjon. Sjå fleire bilete i albumet "7. steg, hausten 2011"
Les meir »   31.10.11 kl. 15:21

På besøk på Håmår!

1. og 2. steg var onsdag 12. oktober på besøk hjå Randi og foreldre hennar. Vi fekk sjå på "mange rare folk og dyr" og hadde det svært triveleg.
Les meir »   18.10.11 kl. 15:03

Foreldremøte i barnehagen.

Det blir foreldremøte i barnehagen Torsdag 8. september kl 18.30. Vi skal informere om noko av det vi skal arbeide med dette året, smaks-prosjekt, filosofi og vi vil drive ein del med matematikk. Det blir val av foreldrerepresentantar. Velkomen.
25.08.11 kl. 09:25

Sommaravslutning blir i barnehagen.

Sommaravslutninga blir i barnehagen. Alt blir som planlagt bortsett fra å vere ute.
14.06.11 kl. 10:53

Sommaravslutning!

Tysdag 14.juni kl.17.30 vert det sommaravslutning på Lalm oppvekstsenter. Alle ungane i skule og barnehage fekk med seg brev om dette fredag.
10.06.11 kl. 11:34

7.klasse vann energikampfinala på Lalm

I dag var det energikampfinale på Lalm oppvekstsenter. Vinnarlaga frå både 5., 6. og 7.steg møtte kvarandre i finala, og til slutt var det laget frå 7.steg som stakk av med sigeren.
Les meir »   09.06.11 kl. 14:44

Fisketur

1. og 2. steg har vore på tur til settefiskanlegget i Randsverk og eit godt fiskevatn i nærleiken... Takk til Erik Myrum frå fjellstyret som tok oss med!
Les meir »   07.06.11 kl. 16:48

Uteskuleveke med foto i gang i 5. og 6.klasse

Denne veka har 5. og 6.steg uteskuleveke der kvar elev er utstyrt med kvart sitt kamera. På slutten av veka skal kvar elev velge ut eitt bilete til elevutstillinga "Mitt Vågå" under Vågå-Dågå 11-13.juni.
Les meir »   23.05.11 kl. 19:00

Møte om skulestrukturen.

Tysdag 31.mai kl.19.00 vert det møte med kommuneleiinga på Lalm oppvekstsenter. Møt opp!
23.05.11 kl. 14:14

Jens opna nyskulen i Vågåmo.

Elevane frå Lalm oppvekstsenter tok i mot statsminister Jens Stoltenberg. Frå Lalm fekk han ei trebøtte med blomar i, laga av Magnus Lillebråten, pluss eit lisseslips av granatglimmerskifer forma som ein kvernstein. Dette var laga av Torbjørn Løland.
18.05.11 kl. 15:27

Hyllestadturen

Personalet på skulen hadde ein svært lærerik tur til Kvernsteinsenteret i Hyllestad. Ta ein titt på bileta.
12.05.11 kl. 19:38

Rydding til 17. mai

Nå er vi i full gang med å rydde og pynte til nasjonaldagen vår. Her er ivrige elevar på 1. og 2. steg i full gang med rive og trillebåre.
10.05.11 kl. 14:12

Storfint besøk!

Statsministerbesøket er utsett til 18.mai.
Les meir »   06.05.11 kl. 08:51

UtoSkop

Vi fekk besøk av eit mobilt teloskop og ei danseforestilling som heiter UtoSafari! Dette er ein del av Den Kulturelle Skulesekken. Ungane fekk sjå, oppleva og utforske ulike danseuttrykk! Her ser de nokre bilete frå opplevinga.
Les meir »   03.05.11 kl. 19:14

RSS

Dette skjer framover

<< < Jan 12 - Feb 12 > >>
U Ma Ti On To Fr Su
04
jan
23 24 25 26 27 28 29
05
feb
30 31 1 2 3 4 5
06
feb
6 7 8 9 10 11 12
07
feb
13 14 15 16 17 18 19
08
feb
20 21 22 23 24 25 26

Nyttige lenker